Mindre skjermtid fører til meir fysisk aktivitet
Mindre skjermtid fører til meir fysisk aktivitet

Dritgøy utan skjerm

Alle elevane på Oppvekstsenteret på Fogn er skjermfri heile veke.

Elevane har inngått ein kontrakt med forledra og skulen om å avstå heilt ifrå sosilae medium. Berre heilt nødvendige telefonsamtalar og meldingar er lov.

– Det verste med denne veka er at fotballkampen mellom Man U og Barcelona på tysdag rauk. Elles har det gått heilt fint, forsikrar Lyder, som for øvreg godt kunne tenka seg ein heil månad skjermfri, men det er ikkje alle klassekameratane einige i.

– Eg saknar skjemen litt, seier Inger Liv. Og eg saknar den ganske mykje, innrømmer Jonatan. Begge er likevel einige med resten av klassen om at ei veke utan data er ingen problem.

– Me gjer fleire ting i saman, og finn på mange kjekke ting, seier Johanna.

Løn for strevet får elevane i form av ei leksefri veke.

– Me hadde gjort det same igjen sjølv utan å få leskefri, for dette er faktisk ganske kult, er klassen einige om.

Kontaktlærar Kjersti Sandanger seier at elevane har vore meir kreative enn vanleg denne veka, og at dei verkar meir opplagte.

–  Det verkar som me har oppnådd det me ville med denne veka, å sjå at elevane samhandlar på ein annan måte, og er meir aktive og kreative, seier Sandanger.

– – Me oppmodar elevar på andre skular til å gjera det same. Det er dritgøy utan skjerm. Det er den klare beskjeden frå 3. og 4. klasse ifrå Fogn oppvekstsenter.