Difor vil me byggja Øyfast

Ludvig Skretting, leiar Arbeidsgruppa Øyfast, begrunnar i dette innlegget kvifor Øyfast bør bli realisert.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

"I det siste har det kome ein del ytringar i Øyposten og på sosiale media med kritiske haldningar til ei framtidig vegutløysing for alle øyane i noverande Finnøy kommune, prosjektet Øyfast. Dei fleste som er negative, har ei egoistisk haldning, der det kjem fram at «eg har betalt nok bompengar». Det er visstnok heilt klart at det ikkje kan byggjast veg til kvar ein holme. Luftslott er prosjektet òg kalla, medan Naturvernforbundet kallar det å gå baklengs inn i framtida å byggja Øyfast, i følgje Øyposten.,

No er det slik at folk som bur og arbeider på desse øyane, alltid har betalt bompengar, lengst tid i form av ferje- og båtbillettar. lngen av oss likar å betala bompengar. Men utan denne ordninga, hadde me framleis hatt ferje frå Hanasand til Ladstein. Da Finnfast opna i 2009, kosta ferja mest like mykje som bompengane i dag. Eit ferjekort med 40 klipp kosta 2800 kr for personbil med førar. Med 10 års prisstiging hadde det vore mykje høgare.

Utan vegutløysing vil dei som bur på øyane i framtida òg måtta betala for seg sjølve, bilar og gods som ein treng. Og det er nok ikkje slik at ein reiser på ferjer for å få ei restaurantoppleving, om nokon skulle leva i den viIIfaringa.

Folk som reiser har eit transportbehov, anten for sjølve, for andre, eller for gods og varer som skal både til og frå øyane våre. Det er dette transportbehovet som i framtida må ha døgnopne vegar, skal ein kunna venta ei positiv utvikling i øysamfunna våre.

Ein kan trygt seia at det beste beviset på det er det «storskala prøveprosjektet Finnfast» som regionvegsjef Ellevset kalla Finnfast på opningsfesten i 2009.  Resultatet er eintydig og positivt. Trass i særs høg bompengeterskel har folketalet på Finnøy og Talgje vist ein svært klar auke, medan det er stagnasjon og tilbakegang der det ikkje har kome vegutløysing.

AIt dette har sjølvsagt sentrale styresmakter sett, om ikkje Naturvernforbundet har merka det. Det har ført til at Regjeringa kom med heilt nye retningslinjer for ferjeavløysingsmiddel i 2016. Finnfast får og slike middel, men berre i 15 år, og med mest ingen kompensasjon for kostnadsauke. Det nye i 2016 er at desse ferjeavløysingsmidla går til prosjektet i 40 år, og at dei i tillegg vert prisjusterte.

I 2017 vart dei reviderte, slik at justeringa vart fastsett til 2,5 prosent i heile perioden dei skal utbetalast.

Krav til eit slikt 40 års tilskot, er at aktuelt ferjesamband vert heilt avslutta, difor må ein byggja veg til «kvar ein holme».

Difor skal ein byggja Øyfast.

Ein god grunn til at departementa og Stortinget går inn for dette, er nok òg den sterke auken i kostnad med ferjedrift. Ein såg det lokalt i det siste anbodet i Tau-sambandet. Ein har i desse dagar sett det i anbodet for ferjer til våre øyar. Dette siste er no opna, og har ein prislapp for fylkeskommunen på 766 mill. kr for 8 års drift. Det vil utgjera 95 mill. kr i året. Frå det kan ein trekkja billettinntekter. Om ein seier at det ligg kring 10 mill. kr i året, står ein att med kanskje 85 miII. kr i tilskotsbehov. Dei siste tala eg såg for dagens tilskotsbehov i dette sambandet, var kring 47 mill. kr i året, med andre ord ein auke på 80 prosent. Difor er det smart å byggja Øyfast, for ein kjenner ikkje prislappen ved eit neste ferjeanbod.

Det er Samferdselsdepartementet som avgjer om og kva storleik ferjeavløysingsmiddel skal ha. I den siste Øyfastrapporten er det rekna med 50 mill. kr i året.  Men med det nye ferjeanbodet burde det liggja til rette for mykje meir. Fylkeskommunen vil i alle høve ha ei årleg innsparing kring dei 85 mill. kr nemnt ovanfor.

Dersom ein gjer eit tankeeksperiment der denne innsparinga vert løyvd som ferjeavløysingsmiddel, og prisjusterer med 2,5 prosent årleg i 8 år, har dette tilskotet auka til kring 103 mill. kr. Ein kan så tenkja enda lengre fram.  Etter 20 år ville tilskotet ha auka til 139 mill. kr årleg, 30 år 178 mill. kr, og etter 40 år har ein passert 228 mill. kr årleg. Difor vil det vera mogleg å byggja Øyfast.

Det er grunn til a tru at ferjene i framtida kjem til å ha omtrent same kostnadsutvikling. Og det er utan å ha tatt høgde for kostnad i samband med nullutsleppsteknologi.

Det me ønskjer og ber om frå regionale og sentrale styresmakter, er ikkje store, nye utbetalingar til eit ambisiøst fastlandsprosjekt. Me bed om velvilje til a gjera vedtak som både er smarte for fylkeskommune, for staten, men først og fremst for øysamfunna våre. Me bed om at middel som dei reisande og det offentlege alt i dag brukar i området, vert brukte på ein smartare måte. At ein i tillegg treng noko solidaritet frå dei som hovudsakleg nyttar Finnfast, meiner eg det må vera forståing for.

Dei folkevalde har i alle høve skjøna det."

Ludvig Skretting

Leiar Arbeidsgruppa Øyfast

Publisert: