Sjekk korr dei nye ladestasjonane kjem

I løpet av våren kjem det tre nye ladestasjoner i Finnøy.

Snart vil det vera tre nye ladestasjonar for elbil på plass på parkeringsplassen utanfor Coop Extra-butikken i Judaberg sentrum.

– Finnøy er jo Norges elbil-kommune, og då er det naturleg at Coop er med. Me vil gi eit enda betre tilbod, ikkje berre til kundane våre, men også til alle som køyrer elbil. Dette er  eit godt miljøprosjekt for oss i Coop, seier dagleg leiar Sven Inge Goa.

Dei tre nye ladestasjonane vil bli plassert i enden av parkeringsplassen utanfor butikken, rett ved innkøyringa frå FV519. Der blir det sett av tre plasser til dei tre ladestasjonane. Det er selskapet Grøn Kontakt som gjer investeringa. Selskapet har ein samarbeidsavtale med Coop. Dette betyr at Coop betalar eit lite tilskot, men får ingen inntekter på ladestasjonane. Det vil vera mogleg å lada alle typar bilar på dei nye stasjonane.

I dag er det berre utanfor Kiwi det er offentlege ladestasjonar i Finnøy, så etableringa hos Coop blir ei kraftig forbetring av tilbodet.

– Om Lyse får lagt fram straum til ladestasjonane vil dei vera klare til bruk ein eller annan gong i løpet av våren, i alle fall før sommarferien. Det blir kjekt å kunne ha dette tilbodet, seier ein nøgd Sven Inge Goa.