Jon og Astrid har levert elitemjølk i 15 år

Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, blir heidra med Sølvtina. Den fekk Astrid og Jon Nærland frå Finnøy i går kveld.

TINE sin styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Gunnar Hovland stod for utdelinga til Astrid og Jon Nærland (bildet) på Lillestrøm tysdag kveld. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for mjølka, og nesten 5.500 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne motta den eksklusive tina i sølv.

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Mjølka blir blant anna analysert for celletal som fortel om jurhelsa, bakterienivå som fortel om hygienisk standard og frie feittsyrer som fortel om smaken på mjølka. Mjølka må sjølvsagt vera fri for medisinrestar og dette vert kontrollert ved kvar einaste mjølkehenting. Trond Reierstad er stolt over kor dyktige og grundige mottakarane av Sølvtina er. Bak prestasjonane ligg yrkesstolthet, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle delar av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.
Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste åra har andelen elitemjølk auka jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdensklasse, seier Reierstad i en pressemelding frå Tine.