Han har reist verda rundt, men stoppar på Judaberg

I mars i år vart 29-åringen Jørn Bjørn Augestad den yngste nordmann som har vore i alle verdas land. Neste tur er aldri langt vekke; allereie no i juli skal han på biltur gjennom Afrika. No er han heime på Finnøy, og laurdag 13. april kjem han til Otto-huset for å fortelje meir om STAN-landa i Sentral-Asia. Augestad er for tida aktiv med eit byggeprosjekt i Nepal.