«Me må aldri gløyma 9. april»

Sjølv om finnøybuen fysisk og visuelt merka lite til sjølve krigsutbrotet den 9.april 1940, var det tyske soldatar stasjonert på Finnøy i storparten av den vel fem år lange okkupasjonstida under 2. verdskrigen.

-Difor har også me litt eldre finnøybuar, på same måten som alle andre i vår generasjon, eit særleg ansvar for at me aldri gløymer den 9. april 1940, og formidlar denne mørke sida av vår lokale og nasjonale historie vidare til komande generasjonar, seier Odd Bleie frå Reilstad på Finnøy.

Bleie fortel at finnøybuen merka lite til sjølve krigsutbrotet for 79 år sidan, men at han er blitt fortalt at dei gamle «fjordabåtane» som gjekk i rutetrafikk mellom alle øyane i regionen og Stavanger var fullasta med folk som ville flykta bort frå byen fordi dei var redde for at byen skulle bli utsett for bombeangrep. -Elles er eg blitt fortalt at folk her i Finnøy ikkje merka noko særleg, bortsett frå at det var ekstra mykje lufttrafikk innover mot Sola.

– Det var fyrst i mai månad at ein eigen bataljon på 15 flysoldatar kom til Landa og etablerte ein eigen vaktpost  på området som me i dag kallar for «Landasteinen». Om du tek turen frå den øvste garden på Landa på vestsida av Finnøy i dag, vil du framleis kunne stige oppover i bakkane i det som har på folkemunne har blitt kalla «Tyskertrappene». Dette var før radaren si tid, og tyskarane plasserte ein liknande vaktpost på Galta, heilt sør på Rennesøy mot noverande Mortevika ferjekai. Derfrå vart det så rapportert via radio til Sola flyplass. Det var lite folk flest på Finnøy såg til dei, fordi dei innkvarterte seg privat og i hus som stod tomme.Det var berre når dei måtte til Sevheim og det lokale kraftverket der for å lada batteria til radione sine, at folk såg noko særleg til dei, er det blitt meg fortalt, seier Bleie.