Krav til kommunen etter krangelen om kaia på Skartveit

Det har vore mykje fram og tilbake om eigedomsforholda på Skartveit. No er rekninga levert.

Finnøy kommune fann etter halvanna år fram til ei løysing om Skartveit kai, etter usemja med grunneigar Kjetil Ørnes. I vedtaket frå det ekstraordinære kommunestyremøtet i mars blei det teke med eit punkt der Ørnes får dekka nokre av sine omkostningar i denne lange prosessen.

Kravet som no er sendt frå Ørnes skal etter det Øyposten erfarer vera på 400.000 kroner.

Kravet er loggført i kommunen si postliste fredag 5. april, men rådmann Karin Dokken Austvik har så langt teke saka unna det offentlege. Det kan endra seg når kommunen har gått gjennom dokumentasjonen frå Ørnes.

– Det er mykje å gå gjennom. Me har ikkje så mange slike saker å samanlikne med, så me vil nok sjå kva andre kommunar kan ha som praksis. Eg reknar med at eg vil legga fram ei sak til Formannskapet sitt møte 23. mai.

Vedtaket seier at Ørnes kan få dekka sine saksomkostningar frå 22. august 2018 til 12. mars 2019.