Vanskelegare for unge å få startlån

Nye retningslinjer og føringar frå Husbanken, som låner ut pengar til dei såkalla startlåna, og ei lokal tilpasning og harmonisering med regelverket frå Stavanger, fører til at det blir vanskelegare for unge nyetablerarar i Finnøy å få dette gunstige lånet.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Dette kjem fram av innstillinga frå rådmannen som formannskapspolitikarane i Finnøy skal ta stilling til torsdag i denne veka. -I det regelverket som Finnøy kommune har vedteke, har det regelverket opna opp for ulike tolkingar som har gjort at også unge i etableringsfasen som har mangla eigenkapital, har hatt moglegheit til kapital gjennom denne startlånordninga, skriv rådmannen. Ei slik tolkning og praksis legg ikkje føringane frå Husbanken og Stavanger kommune opp til.,-Retningslinjene som vert nytta i Stavanger gir tydelegare retning og løfter særleg fram utsette grupper. Dette kan vera grupper som flyktningar, barnefamiliar med låg inntekt, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, uføre og søkjarar på venteliste for kommunal bustad, skriv rådmannen vidare i si saksutgreiing.

Publisert: