Annelin sitt møte med ungane på Zanzibar

I 2 måneder var finnøyjenta Annelin Handeland på Zanzibar og jobba som frivilleg på St.Monica School. Det gjorde inntrykk.

«Det er er ein kristen privat skule i sentrum av Stone Town på

Zanzibar. Skulen drives av katolske nonner, men sjølv om den drives av

kyrkja er religion kun ein liten del av pensum og både muslimer og kristne får

undervisning her. Skulen har rundt 230 elever i alderen 2 til 15 år.

 

Ein vanlig dag å jobb startet med 20 minutters gåtur i 30 grader til bussen.

Kva tid eg var på jobb, kom ann på kor lenge eg måtte vente på buss og kor

fort dei klarer å fylle opp bussen, men rundt 8 var eg på jobb. Då vart eg

ønska velkommen av vaktene utenfor skulen med «Good morning teacher».

Når eg kom til klassen rettet eg lekser og prøver, mens læraren underviste.

Eg jobba i KG2 som er mellom barnehage og skule og driv med forberedelse

til skulen. Elevane var mellom 4 og 7 år og undervisningen bestod av å lære

seg tall, bokstaver og naturfag. Undervisninga bestod også av mykje song og

høgtlesning. Det var sjeldan roleg i klasserommet. All undervisning på skulen

var på engelsk, men elevane i min klasse snakka lite engelsk så mykje av

undervisningen var derfor på swahili. Min oppgave vart då å prøve å hjelpe til,

rette prøver og lekser og dele ut bøker og materialer. Fra 10 til 11 var det

lunsj og alle barna fekk mat og noko å drikke. Min klasse var ferdig på skulen

12, så den siste timen gjekk til å kopiere av tavla og mykje sang og lek. Når

skulen var ferdig fekk eg ein «high five» av alle ungane før eg gjekk til

busstasjonen og tok lokaltransporten «Dala Dala» heim.

 

Etter vidaregåande var eg veldig klar for eit friår med jobbing og reising. Eg

hadde lyst å oppleve verden, men likevel hjelpe. Eg reiste først 1 måned til

Australia med 2 venninner, før turen gjekk til Zanzibar. Her var eg i 2

måneder. Eg har i mange år hatt ein drøm om å reise til Afrika og etter ein tur

til Kenya i fjor med misjonsprosjekt på KVS-Lyngdal fant eg ut at eg absolutt

måtte tilbake. Eg kom i kontakt med ein organisasjon i Oslo som heiter

Atlantis utveksling som har mange forskjellig land og arbeid og velge mellom.

Gjennom Atlantis er eg knytta til ein annen organisasjon i Tanzania. I

Zanzibar budde eg i eit frivillighus i Mbweni, 7km fra Stone Town. Her budde

eg med 6 andre norske, ei tysk jente og ei australsk jente. Me fekk frukost og

middag servert av Damaris, ei lokal dame i kvardagen og Roger, ein lokal

mann stilte alltid opp om me trengte hjelp.

 

Å jobbe som frivillig i eit anna land var veldig spennande og ikkje minst utrolig

gøy. Eg gleda meg alltid til jobb. Eg møtte alt fra små skjønne unger, litt eldre

som var lettare og snakke med og lærere som var veldig imøtekommende og

interessert i å vise meg landet og kulturen. Undervisning er noko ulikt norsk

skule. I Zanzibar var det stort fokus på muntlig og kva klasse du går i, kjem

ann på kunnskap og ikkje alder.

Mbweni, plassen eg budde var det veldig få turister og dei lokale er veldig

lette og bli kjent med. Om kvelden spelte me mykje volleyball og fotball på

stranda med dei lokale. På ein liten tur til det lokale supermarkedet kan du

ikkje unngå å snakke med dei lokale som seier hei og lurer på korleis du har

det. I Stone Town er det annerledes. Der er det mange turister og eg følte

meg neste litt heima. Livet på Zanzibar går i eit behagelig tempo. Bussen

kjører ikke til fast tid, men når den er full. Bestiller me mat på restaurant kan

du vente i 40 minutt før den kommer og ingenting er eit problem. Dei seier

«Hakuna Matata» smiler og går videre.

 

Øya Zanzibar var heilt ufattelig nydelig. Store deler av oppholde bruket eg i

Stone Town, men i helgene hadde me mange utflukter til andre steder av

Zanzibar som Paje og Nungwi. Været var stort sett veldig fint med mange

soldager, men regntiden var rett rundt hjørnet så nokon heftige regndager

fekk me. Zanzibar hadde mange fine opplevelser å by på. Me snorkla og

dykka ein del i veldig fint korallrev, besøkte Prison Island, spiste på den

kjente restauranten rock cafe, mykje fine strender og båtturer. Sjølv om eg

var der for å jobbe på skulen fekk eg opplevd så mykje fint.

 

På slutten av mitt opphald samlet eg inn litt penger og fekk mulighet til å

kjøpe vifter og lys til alle klasserom og kontorer, noko dei ikkje hadde fra før

og som gjorde at det var varmt og dårleg luft i klasseromma. Det vart også

kjøpt inn maling til å male skulen på utsida for den var veldig slitt.

Lekeplassen vart oppgradert med maling på lekeapparater og sand rundt. Eg

fekk kjøpt inn 6 fotballer, kjegler, tennisballer, hoppetau og ballpumbe, som

vart veldig populært blant barna. Skulen fekk også eit nasjonalflagg til å heise

i flaggstanga si.

 

Det har vært nokon heilt fantastiske måneder og eg vil virkelig anbefale å gjer

dette. Eg er sikker på ein ting, og det er at eg må ned til Zanzibar igjen på

besøk.»