Kaos, kunnskap og metall. Og nokre funfacts.

Det er ikkje alt Øyvind Runestad kan, men det han kan, det kan han mykje om.

– Er du klar?

– Eg er fødd klar!

 

Og då er Øyvind og eg i gang med intervjuet.

Ung kar. Halvlangt hår. På t-skjorta står det «Keep calm and kill zombies», utan at ein tilårskomen journalist heilt klarer å identifisera seg med bodskapen.

– Eg synest berre det som står der er løye. Kjøpte den i England ein gong, er forklaringa eg får.

– Kva slag musikk likar du?

– Eg spelar mest heavy metal.

– Dyster musikk?

– PÅ 1930-talet sa dei at jazz berre var bråk. Og rock & roll var endå meir bråk. Metal er ikkje berre mørk og trist. Eg likar gitarlyden. Her om dagen høyrte eg på eit band som miksa metal og folkemusikk. Plutseleg kom det trekkspel og fele inn. Ganske kult.

 

Men før me går vidare: Eit funfact. Øyvind er eit oppkome av funfact og her er eit: Kva land i Europa har det eldste flaggdesign? Svar: Skottland.

 

Øyvind bur på Fogn, som vel kanskje ikkje ein stad som tilfredsstillar alle krav ein 23-åring har til livet, men ikkje misforstå; han trivst heime. Dataspel er ein stor del av kvardagen. Han varierer med brettspel.

– Akkurat no har eg spela ein del Ticket to ride. Det er eit spel der du skal setta saman togturar.

– Då er du betre enn NSB.

– Så spelar eg skytespel, Super Mario og rollespel.

– Rollespel?

– Ja, då kan eg setta meg sjølv inn i ei fantastiverd. Eg kan få oppdrag og tene pengar når eg løyser dei. Viss eg er soldat og blir bedt om å drepa ein drage, så gjer egt det. Og tener masse.

– Kor mykje tid brukar du på dataspel?

– Det kjem an på om eg blir hekta.

– Og om du blir hekta?

– Då kan eg sitte i åtte timar på ein dag. Men ikkje kvar dag.

 

Etter grunnskulen gjekk han mediefag på Bergeland vidaregåande i byen.

– Det var hardt å stå opp klokka 06.00 for å rekka båten, men eg trivdest på skulen. Spesielt med mediefaga og engelsk.

– Er du god i engelsk?

– That depends on what you mean by good…., kjem det med tilnærma perfekt uttale og intonasjon.

– Engelskmenn trur eg er engelsk. Eg har lært meir engelsk av dataspel enn på skulen, smiler han.

Han er nok eit innemennske. Han er det. Data. Film. Musikk.

– Men eg kan gå meg ein tur. I alle fall om en må lufta hunden. Det er ein afrikansk rase og heiter «Nala». Frå Løvenes konge, veit du…

– ????

– Dama til Simba. Det var far min som kom opp med det namnet.

– Ok.

– Av og til tar eg meg ein tur ut på tunet og går litt. Viss eg blir rastlaus. Då får eg tida til å gå. Eg kan jo bli litt lei av rommet og datamaskinen.

 

Funfact 2: Viss du barberer ein isbjørn, kva farge er den under pelsen? Mitt svar: Rosa. Øyvind fasit: Svart.

 

Han har ein evne til å grava seg ned i ting. Til å få meir kunnskap. Han likar detaljar.

Til dømes om ferjer og båtar. Når dei blei bygde, rederiet, tidlegare eigarar, tidlegare namn på fartøyet, antall passasjerar…

– Tre av hurtigbåtane her tek 180 passasjerar. Så er det ein som tek 77……nei 97! Det er»Rygerprins», ein av dei nyaste til Rødne. Far min er glad i båtar, så eg trur eg har interessa frå han. Kompisane mine seier at eg hugsar ting ingen andre hugsar. Eg kan hugsa kva folk hadde på seg på ein fest for fem år sidan, seier han.

– Mine bestevener er dei eg har heilt frå barnehagen. Me festar saman, går på Kardinalen og tek ei øl.

 

Funfact 3: I gamal latin hadde dei ikkje bokstavane j og g. Dei hadde lydane, men bokstavane kom seinare.

 

Så er det sånn, då, at Øyvind har Asbergers. Det er ein form for autisme. Han og Asberger har levd saman i 17 år, sidan den dagen han fekk diagnosen som seksåring, og visstnok var den yngste i Rogaland med den merkelappen.

– Eg blir stressa over ting som andre ikkje lar seg stressa av. Når ting kjem litt brått på, til dømes. Då kan det bli fullstendig kaos i hovudet, og eg stammar meir. Nokre gonger kan det ta ein halvtime å roa seg ned. Då er det best for meg å vera åleina. Stresset er det verste med Asbergers, men det er både positive og negative sider.

– Kva er positivt?

– Eg har lett for å bli interessert i ting. Eg likar å få meir kunnskap. Eg likar å grave meg ned i det eg blir oppteken av. Og kunnskap er makt. Det er kjekt.

– Tenker du på korleis livet ville ha vore utan diagnosen?

– Eg trur eg ville sett annerleis på ein del ting. Det hender at eg synest synd på meg sjølv, men det er sjeldan. Det er ikkje berre drit med Asbergers.

– Er du sint på sjukdomen din?

– Nei, eg er ikkje sint eller sur. Eg lever fint med sjukdomen, og stamminga er mykje betre no enn den var før.

– Du blir lett stressa. Korleis er det å sitta her å bli intervjua?

– Eg har vore i meir ubekvemme situasjonar enn dette. Når eg er på byen og dørvakta trur eg er full fordi han ikkje forstår kva eg seier – det er mykje meir kjipt.

 

Så kva tenker ein ung mann på 23 år om framtida? Han har lappen og eigen bil, men har tenkt tanken på å finna seg sin eigen bustad, anten på Fogn eller Judaberg. Han er utplassert i Øyposten ein dag i veka, og då jobbar han saman med Gudmund som er grafisk designar. Han har eit Nikon D60 og gjer av og til fotooppdrag for avisa. Kanskje han kunne ta IT-utdanning?

Draumane har han – også kva han ville gjera med ein Lotto-gevinst på 60 millionar. Då skulle han bygga eit svært hus med symjebasseng og ein like stor tv-skjerm. Han skulle ha kinorom med popcornmaskin og den beste Blu-Ray som finnast.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på framtida, men eg har lyst til å vera meir sjølvstendig.