Tøff trio skal gjera 3.500 kilometer på to hjul

3.500 tøffe kilometer på sykkel. Slik blir sommarferien i familien Frestad.

-Å reisa Norge på langs er vel ein draum eg har hatt i nokre år, så no er det på tide å gjera noko med det. Dette gjere med for opplevinga, ikkje for å komma i mål på idealtid. Og kvifor ikkje ta denne opplevinga på sykkel?

Det er Tolli Frestad som spør. Og det er han og sonene Jonathan og Emmanuel som i slutten av juni sett seg på sykkelen på Nordkapp for å sykla til Lindesnes. Ei rute på ein stad mellom 3.000 og 3.500 kilometer, alt etter kva rute du vel.

-For oss er det ikkje om å gjera å sykla fort, eller rett fram. Me har tenkt å sjå oss om. Difor skal me sjølvsagt innom Lofoten, sjølv om det er ein avstikkar. Me har lyst til å sykla mykje langs kysten.

Og den endelege ruta er ikkje heilt klar enno, men dei reknar med å bruka 30 dagar på det dei har kalla «frestadturen19» på Snapchat.

-Kvar andre måndag har me møte, der me planlegg. Då et me pizza eller burger. Kosthald er viktig for idrettsfolk, ler Tolli, som har ansvar for utstyr og økonomi.

-Eg har ansvar for etappane og kjem til å ligga i front og dra på dei andre to, smiler Jonathan.

-Me er ikkje heilt i mål enno. Dagsetappane avheng jo til dømes av kva moglegheiter det er for overnatting, men me reknar med at me kjem til å sykla 12-13 mil kvar dag, fortel Emmanuel.

Då er det om å gjere å vera i rimeleg god form, sjølv om dei legg vekt på at dette skal vera lystbetont.

-Me er jo ikkje toppidrettsfolk, og veit ikkje så mykje om verken trening eller sykkel. Men me tar eit par treningar i veka. Her i januar sykla me rundt Finnøy og det var hardt! Løpeturane er ca 30 minutt.

-Dei seier noko av det verste med å sykle så langt er smerten i baken?

-Ja, det finn me sikkert ut etter kvart. Me tek gjerna imot råd frå meir vante syklistar. Og sponsorar, om nokon skulle vera interessert.

Sjølv om 3.500 kilometer er ein heilt ny distanse for Frestad-klanen, er dei ikkje heilt ukjente med sykkel. Dei har i mange år hatt som ein slags familiesport å sykla frå Finnøy til Farsund. Den turen er på 23 mil.

-Når ungane blir 13 år får dei ny sykkel og eit tilbod om å vera med på den turen. Det har me gjort dei 10 siste åra. Veldig fin tur, og me unngår dei store vegane. Me treff mykje kjekke folk. Etter ein slik tur er du godkjent tenåring i denne familien, ler Tolli.

-Me har overnatta på alle slags rare stader på desse turane, på ein togperrong og i busskur, fortel Emmanuel, som var den første i flokken som sykla til Farsund.

På planleggingsmøta no om dagen er det snakk om kor mykje bagasje skal dei ha med, kor skal dei overnatte og kor lange blir dagsetappane. Og ikkje minst; spikra en endelege ruta.

Det som er heilt sikkert er at innkomsten skal skje i Lindesnes i slutten av juli.

-Og det hadde jo vært kjekt om det var ein liten velkomstkomite der. Ikkje noko ekstra, men…

-Nokre norske flagg og litt champagne?

-Flagg og ei kald eplemost hadde vore noko, hehehe….