Sponsorinntektene har passert ein million kroner

Arbeidet med det nye idrettshuset på Leikvoll er no kome så langt at byggestart skjer i desse dagar.

Nybygget har ei kostnadsramme på 10,5 mill. Finansieringa er ein kombinasjon av eigne midler, dugnad, diverse støtteordningar og lån. Ein viktig post i finansieringsplanen er støtte frå lokalt næringsliv i form av sponsorkontraktar.

«Vi har hatt kontakt med mange av våre gode sponsorar og har gjort mange avtalar om støtte til det nye idrettshuset. Målet om å skaffa 1 mill. i sponsorstøtte er no nådd», skriv Finnøy IL på si Facebook-side.

Ei av desse sponsorane er Falkeid Shipping AS, som har «kjøpt» utleigedelen i 2. etasje. Med tanke på at dei også har ein stor logo i midsirkelen på kunstgrasbanen vil Falkeid Shipping ha eit sterkt nærvær på Leikvoll etter at anlegget står klart.

Falkeid Shipping er eit familiereiarlag på Finnøy. Dei ni skipa deira lossar og lastar sjøsand, asfalt og bulk av alle moglege slag i både inn- og utland.

«Det er viktig for oss å støtta opp om idrettslaget. Me vil vera med på det som skjer i lokalsamfunnet, mange av de framtidige tilsette vil på et eller anna tidspunkt være innom eit idrettslag på eit vis. Då er det heilt naturleg at me som ein lokal bedrift stiller opp på det som lagar Finnøy idrettslag betre og rusta for framtida», seier Lawrence Falkeid.