Endeleg ein siger for Finnøy

Finnøy IL sin første siger i vinter kom mot Nedstrand i kveld. Thomaz Cieslokowski, Trygve Hebnes og Hans Runar Eike scora måla då dei raude vann 3-1 på bortebane. Det var 1-1 til pause. FIL spela ein svak førsteomgang, men var nøgd med dei siste 45.