Eit revolverintervju med Fru Munnrapp

-Hei,skalmeberrestartamedeingong? Spør Eva og ler.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Googlar du «ord pr minutt» så er det ikkje snakkeferdighet du får treff på, men lesehastighet. 100-200 ord i minuttet er normalt, 400-700 ved skumlesing. Men Eva Bringeland snakkar fortare enn det. Orda hennar har det utruleg travelt.,

-Har du alltid snakka så fort?

-Ja, hahaha….

-Eg vil seie mykje på kort tid. Det trur eg har med at eg hadde fem eldre sysken, og då kunne det vera høglytt rundt middagsbordet. Skulle du bli høyrd, måtte du snakka fort når du fekk sjansen. Og eg kan hugsa at me fekk beskjed om å fatta oss i kortheit når me snakka på telefonen. Tellarskritt var dyre saker, veit du.

Me har skvisa inn ein halvannan times avtale i ein tettpakka timeplan, for klokka tolv er det ein båt ho skal rekka.

-Difor sett eg alarmen på 12.00 no, fortel ho, og åtvarar meg om at eg må halda henne på sporet, før me begge skjærer ut i den første digresjonen.

-Eg blei 48 for eit par dagar sidan, så eg har enno kakerestar heime. Eg likar å baka, er svaret når eg spør om kva hobbyar ho har.

-Eg elskar å lesa og skriva. Eg tok faktisk andrepremie i ei novellekonkurranse då eg var 17 år.

-Ja?

-Trur det var i ungdomsbladet Det Nye. Det var ei litt underfundig krimhistorie, der den skuldige heilt unødvendig innrømte eit brotsverk. Fekk ei klokke i premie, men den var så stygg at eg gav den bort.

Ansiktet lever. Armane teiknar argumenta i lufta mens ho snakkar. Snart om det eine, snart om det andre. Ho snakkar som - i mangel av eit betre bilde - eit maskingevær. Innpust. Utpust. Vil du vera med, så heng på!

-Eg hadde ein flott oppvekst på garden, med fem søsken, mamma og pappa. Alle hadde sine meiningar, så det var livlig rundt bordet. Eg var attpåklatten som begynte på skulen då eg var seks år, eit år før dei andre. Syster mi, Gro, seier det var fordi mamma og pappa ville bli kvitt meg, hahaha….. Eg var aleine på mitt klassetrinn og det var vel ikkje så kjekt å ha engelsk åleine med læraren, men eg blei jo god, då, ler ho høgt.

-Me hadde oppgåver heime og lære tidleg å ta i eit tak. Verdien av ein dags arbeid sto høgt i kurs. Du skulle oppføra deg skikkeleg, snakka sant og vera til å stola på.

Unge Eva draumde om å reisa ut i verda, men på den tida var det helst gjennom bøkene sine ho reiste, anten var Frøken Detektiv eller Hardygutane. 15 år gamal flytta ho på hybel i Stavanger for å starta på utdanninga si som kokk.

-Eg likte veldig godt å laga mat og trudde eg hadde ein god plan, men etter 14 dagar skjønte eg at eg aldri kunne leva av å vera kokk. Tunge løft, mykje kveldsarbeid og mykje springing. Veldig lite glamorøst. Men eg gjennomførte og har fagbrevet mitt frå 1989.

I staden gjekk turen til Trondheim der ho blei næringsmiddelingeniør. Kva har det med skigymnas å gjera? Jo, ho fortalte skitalenta på Oppdal vidaregåande om verdien av godt kosthald.

Så ville ho heimover og fekk jobb på vidaregåande i Sandnes, gifta seg med Jone i 1995 og fekk tre ungar, medan ho skifta arbeid til Næringsmiddeltilsynet. Som seinare blei det me i dag kjenner som Mattilsynet. Først inspektør, så rådgjevar og så seniorrådgjevar.

-Folk var litt redd meg når eg var ute på inspeksjon, og først skjønte eg ikkje kvifor. Men du har jo makt i ein slik posisjon. Det kunne vera litt ubehag, men eg kjente meg trygg i faget og regelverket.

Men på eit tidspunkt blei ho lei pendlinga til Oslo, og tok jobb i Finnøy kommune. I 2006 flytta familien til Halsnøy, og i 2009 starta ho si eiga bedrift, Pro-Plan AS. Ho ville heller hjelpe folk å skriva byggesøknadar og slikt som kan vera litt komplisert for ein vanleg mann.

-Eg likar jobben min veldig godt. Det er kjekt å kunne hjelpa.-

Men like viktig er det å kunne ta imot hjelp, til dømes når livet blir tungt:

-Eg mista mamma for nokre månader sidan og det har vore ei tung tid, seier ho, og blir blank i auge.

-Alle får vi vår dose av motgang, og då må du ha evne til å komma deg ut av den situasjonen. Likevel trur eg me veks på å ta imot hjelp frå andre. Og slike erfaringar kan me dra nytte av. De gir kondisjon til å tola meir, trening til å stå i det.

Då er familie godt å ha.

-Eg er gift med mannen min frå mitt første ekteskap. Fantastisk godt gift, er eg. Eg fekk den mannen eg fortente, kan du sei, smiler ho.

-Eg trivst best med folk rundt meg. I møte med andre trur eg me blir eit anna menneske, og eg likar den tanken.

-Du liker ikkje så godt å vera aleina?

-Eg er ikkje så verst. Eg kan slå av mobilen, lesa eller fordype meg i noe faglig.

Ho er på den staden i livet der det ikkje er noko prestisjenederlag å innrømme at ho liker middagskvil. Så går ho tur og snakkar med mannen sin om laust og fast. Dei går på kino, på eit foredrag eller ei utstilling, inviterer vener til middag, og så er det hagen då:

-Eg elskar hagearbeid. Det er så praktisk og konkret.

-Du som er så verbal og engasjert, kvifor har du ikkje gått inn i politikken?

-Eg trur politikken har nok med ei Skartveit-dame, og Gro er veldig flink. Ho representerer på ein måte oss begge, sjølv om me ikkje er einige om alt. Senterpartiet spurte meg i 2015 om å stå på lista, men eg sa nei takk.

Så går alarmen! Eva pakkar og snakkar. Ho skal til byen for å vera meddommar i tingretten. Det er spennande og lærerikt.

-Det er min plikt. Fleire skulle seie ja til det oppdraget.

-Kva skal du gjera resten av livet?

-Eg blir nok å halde på med det eg gjer i dag, men treng jo ikkje berre skrive søknadar. Egkanjoskrivaeinovelle?

Publisert: