Kolumbus har ingen planar for HjemJobbHjem

Ei samrøystes Fellesnemnd for Nye Stavanger vedtok hausten 2018 å undersøka om Finnøy og Rennesøy får bli med i HjemJobbHjem-ordninga. Så blei det stille.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Etter vedtaket i fylkesnemnda blei førespurnaden sendt til vurdering til Rogaland fylkeskommune ved Kolumbus. Deretter har Kolumbus gitt ulike svar på korleis det ligg an med den vidare handsaminga. På førespurnad frå Øyposten svara Grete Ulseth i Kolumbus i ein mail:,

«Det er ikke er noen konkrete planer med HjemjobbHjem-billetten for hurtigbåt. Når det vil bli vurdert eller lagt noen planer for, kan vi dessverre ikke si noe om».

-Betyr det at HjemjobbHjem-avtale i Ryfylke er lagt død?

-Nei, den er ikkje det, men det er vanskeleg å antyda når ein eventuell avtale med hurtigbåt kjem på plass. Fyrst skal dei store byane på Nord-Jæren med i avtalen, før me innlemmar hurtigbåt i Ryfylke. Me tykkjer det er kjekt at fleire ynskjer å bli ein del av HjemjobbHjem-avtalen, og me ser no på kva det vil bety av auka kostnadar å inkludera båt, og korleis me praktisk skal kunne løysa dette. Det er mykje som skal avklarast, men det jobbast med å få til ei avklaring så snart som råd, seier kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus, Elisabeth Torstensen.

I utgangspunktet var ordninga meint berre for buss, men etter kvart blei tilbodet utvida til å omfatta NSB. Til slutt kom Kolumbus med i ordninga med hurtigbåt til Hommersåk og byøyane, som begge allereie har subsidierte takstar. Det betyr i praksis bussprisar på hurtigbåtane til og frå Hommersåk og byøyane, som gjer det billigare å reisa.

Kolumbus svarar slik: «Byøyenebåtene, inkludert Hommersåk, kjører på bussregulativ fordi det var slik det var lagt opp etter gammelt system. Byøyenebåtene og bussene i byen hadde de samme takstene når disse ble lagt under Kolumbus, og da ble det gamle opplegget videreført.»

Publisert: