Bjarte blant dei beste mjølkebøndene

Få bønder får meir mjølk ut av dyra sine enn Bjarte Njå (29) frå Fjøløy.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Han har ein av dei høgstytande besetningane i landet når det gjeld mjølkeproduksjon. I fjor produserte holsteinkyrne hans 11.636 kilo energikorrigert mjølk (ekm). Rasestatistikken frå Kukontrollen viser at den gjennomsnittlige holsteinkua i Norge i 2018 produserte 10 014 kilo ekm.,

Den gjennomsnittlige NRF-kua produserte til samanlikning 8349 kilo ekm.

Bjarte tok over garden etter foreldra i 2014, som i mange år før han har ligge i toppen på

lista over Norges høgstytande besetningar.

- Det er ikkje jaget etter heider og ære som er drivkrafta. Dette er eit resultat av friske og

sunne kyr som får godt fôr og stell, og mjølkar deretter. Men eg vil og påpeika at høg yting

ikkje treng vere fasiten for alle, dette heng i hop med forholda på kvar einskild gard. Når det

er sagt, er det sjølvsagt kjekt å få stadfesta at det ein held på med fungerer, spesielt når ein

legg så mykje arbeid i det. Å vera bonde er meir ein livsstil enn jobb, fortel Bjarte

Bjarte er femte generasjon bonde på garden på Fjøløy. Tippoldefaren hans, Olai Njå frå Time

på Jæren, kjøpte garden og så godt som heile Fjøløy i 1916. Sidan har det vore kontinuerleg

drift på garden med sauer og kyr, akkurat slik som i dag. Far Birger er framleis med i den

daglege drifta, og har ansvaret for 280 sauer som skal lemma i løpet av dei neste to

månadane. Dei fyrste lamma kom på tysdag.

- Han er fast tilsett hjå meg, smiler Bjarte, og held fram. Eg var heldig som fekk overta ein

godt rigga gard. Far har lagt eit godt grunnlag, slik far hans gjorde det før han. Dermed blei

det ein mjuk og fin overgang frå å ha arbeidsplassen sin på garden, til å ha det fulle og heile

ansvaret. No har me gjort det slik at far har tek seg av sauene, og eg kyrne. Me kranglar

sjølvsagt alltid litt om kva som skal ha rang.

Med å leiga ifrå ein sambygding fekk Bjarte auka mjølkekvoten med 100 tonn frå nyttår. Det

vil sei 325.000 liter mjølk per år, delt på 30 kyr. I fjor haust måtte han til og med redusera

mjølkeproduksjonen for ikkje å overskrida kvoten.

- Kva er vinnaroppskrifta?

- Nei, ei slik oppskrift trur eg ikkje fins. Friske dyr i god form produserer mykje mjølk. I tillegg

har eg har alltid prioritert det beste fôret til mjølkekyrne. Dessutan er det viktig å gi dei

nyfødde kalvane ein så godt start som mogleg ved å gi dei mykje råmjølk slik at dei bygg opp

eit godt immunforsvar med viktige antistoffer.

Publisert: