Det kan sjå mørkt ut for tomatane

Dei høge straumprisane kan føre til at fleire tomatprodusentar vurderer å kutta produksjon på vinteren.

Fleire og fleire av dei store og moderne tomatgartneria har dei siste 10 åra stasa stort på å utvida tomatsesongen ved å tilføra ekstra lys, særleg i den mørke årstida. Ein av dei som har satsa millionar  ved å installera vekstlys i tomatgartneriet, er Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri AS

-Berre i løpet av dei siste 18 månadane har straumprisen tredobla seg, frå 20 øre til 60 øre per kWh i dag. Så sjølv om me ikkje kjøper all straumen til den høgaste prisen, er dette ein så radikal auke i produksjonskostnadane at det utfordrar heile økonomien i heilårsproduksjonen av tomat.

-Kva kan du gjera for å redusera kostnadane?
-Det me i første omgang no gjer er å kutta ut produksjonen, eller leggja denne om i enkelte avdelingar i dei mørkaste vintermånadene. Då legg me opp produksjonen slik at ein skiftar ut, desinfiserer og reingjer fleire avdelingar i den mørkaste og kaldaste årstida for å spara energi og kostnader. For det også eit faktum at mesteparten av produksjonskostnadane stig heile tida, medan oppgjerdsprisen til oss produsentar nærmast har stått stille dei 10 siste åra. Då seier det seg sjølv at økonomien i heilårsproduksjonen av tomatar byrjar å bli utfordrande.

Også mangårig eigar av Wiig Gartneri på Orre og medeigar i landets største tomatgartneri, Miljøgartneriet i Kviamarka på Nærbø, Kåre Wiig, opplyser at dei no må vurdera å leggja om lysproduksjonen dersom straumprisane skal liggja på eit slikt høgt nivå som i dag.

-Då vil me nok redusera eller ta ut produksjonen i den mørkaste årstida. Det kan få alvorlege konsekvensar for heile den norske tomatmarknaden, åtvarar Wiig.
-På kva måte då?

-Ved at ein langt større del av produksjonen vil koma i den såkalla norske sesongen, i perioden 10. mai til 10. oktober, når me har tollvernet. Det vil føra til overproduksjon og dårlege oppgjerdsprisar, som igjen vil utfordra heile næringa. Gjennom lysproduksjonen og heilårsproduksjonen spreier me leveransane utover heile året, slik at me unngår den veldig store produksjonen i sommarhalvåret og i den perioden me har tollvernet.