Rennesøy aksepterer ikkje noko «Nav Light»

Rennesøy-politikarane krev eit fullverdig Nav-kontor etter kommunesamanslåinga.

Onsdag var det møte i Fellesnemda sitt arbeidsutval. Dei to representantane frå Rennesøy, Jostein Eiane (KrF) og Elin Schanche (H), var tydelege på at alle hadde eit ansvar for å fylgja opp  intensjonsavtalen, og særleg for Finnøy og Rennesøy og dei forholda som spesifikt omhandla desse to kommunane.

-Det er det som særleg omhandlar Rennesøy innbyggjarane våre  har stemt på grunnlag av, og som dei har tillit til at me gjennomfører. Då er dette med eit oppegåande og godt tenestetilbod knyta både til eit eige NAV-kontor, og det å konkret gi det nye helsehuset eit breitt og godt innhald og tenestetilbod for innbyggjarane, er heilt avgjerande, sa Schanche.

Eiane meiner det også kan vera aktuelt å redusera tal Nav-einingar og tilsette i Stavanger, og flytta dei over til Vikevåg for å styrka denne avdelinga. Det fekk Monica Wold frå LO i Stavanger til å reagera;
– Å flytta ei administrativ eining ut til Vikevåg vil ikkje bli godt motteken blant dei tilsette. Difor går me sterkt imot at NAV-eininga som dekkjer Tasta/Eiganes vert flytta til Rennesøy. Og me har heller ikkje fått tid til å diskutera desse utspela frå politikarane, påpeika ho.