På veg i retten. Så blei partane einige om kaia på Skartveit

Eigarskapet til kaia på Skartveit er avklart.

-Det viktigaste for meg var at kaia ikkje kan leigast ut eller bli regulert om til industriformål, seier ein glad grunneigar Kjetil Ørnes.

Partane blei tysdag under eit møte på Skartveit einige om ein juridisk bindande avtale som skal regulere eigedomsforholda på Skartveit kai, men grunnlaget blei lagt dagen før i eit ekstraordinært møte i kommunestyret. Der blei det tydeleg at politikarane hadde brukt tida godt sidan forrige møte.

Politikarane gjekk på talarstolen, ein etter ein – frå alle parti, og la vekt på sine gode intensjonar. Ingen hadde meint å skada Halsnøy eller Ørnes si verksemd. Det var ordførar Henrik Halleland som la fram det forslaget som til slutt blei vedteke, med eit tilleggsord frå Høgre – «vederlagsfritt». Om kaia ein gong i framtida ikkje lenger skal vera offentleg, så skal ho gis tilbake til Ørnes utan vederlag.

Elles har avtalen punkt som regulerer eigedomsrett, vedlikehald, tilkomst og bruk av kaia.