Fryktar at kommunale oppgåver ikkje skal bli gjennomført

Representanten Jan Mikal Hanasand frå Høgre, er uroleg over at viktige utbyggingstiltak som politikarane i Rennesøy har sett av pengar til, ikkje skal bli gjennomført. Det kom til utrykk då kommunestyret i Rennesøy behandla sak om «Prioritering av oppgaver for 2019» i sitt møte mandag.

– Eg er bekymra for at det viktige arbeidet med sentrumsplanen for Vikevåg skal stoppa opp. Det same gjeld arbeidet med vannledning og gang og sykkelstien langs vegen til Hanasand, som vi politikarar har avsett pengar til i budsjettet, sa Hanasand.
Rådmann Birger Clementsen kunne beroliga Hanasand om at administrasjonen ville fylgja opp prosjekta så godt dei kunne, innanfor dei administrative rammene dei har. Men han ba også om forståing for at Rennesøy kommune på same måte som Finnøy er inne i en svært krevjande arbeidssituasjon i samband med overgangen til ein ny kommune frå 2020.