Ber nok ein gong for Hesby kyrkje

Tilstanden til Hesby kyrkje blir verre og verre.

Det meiner Finnøy kyrkjelege fellesråd, som nok ein gong ber kommunen om pengar til å til å få utført ein tilstandsvurdering av Hesby kyrkje: «Kyrkjeleg fellesråd meiner at vi ikkje kan utsetje dette arbeidet. Vi har indikasjonar på at deler av kyrkja kan vere i så dårleg forfatning at det ikkje er forsvarleg å utsette dette arbeidet. Mellom anna gjeld dette lekkasjar i takkonstruksjonen i overgangen mellom kyrkjeskip og kor, samt at det tid om anna rasar skiferheller ned frå taket. Dette kan i verste fall gå ut over liv og helse», skriv Kyrkjeleg fellesråd i ein e-post, og ber difor på nytt om eit tilskott på 250.000 kroner. Fellesrådet meiner då at Nye Stavanger kyrkjelege fellesråd kan budsjettere og prioritere Hesby kyrkje i sine budsjett og økonomiplanar.

Då Finnøy kyrkjelege fellesråd sist tok opp spørsmålet, sa politikarane nei. Det var i desemkber, i samband med budsjettbehandlinga for 2019.