Bekymra for trafikktryggleiken over "Heia", mellom Vikevåg og Østhusvik

Høgre i Rennesøy, representert ved kommunestyrerepresentant Linda Nilsen Ask, ga gjennom ein interpellasjon i kommunestyremøte måndag kveld, uttrykk for at både ho og lokalpartiet var svært uroleg over den aukande trafikken på den smale og uoversiktlege vegen over «Heia» mellom Vikevåg og Østhusvik

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

-Det er særleg i den siste tida me har registrert ein betydeleg auke i trafikken,i kjølvatnet av den auka aktiviteten rundt det store datalagringsselskapet Green Mountain på Hodne, sa Nilsen Ask. Ho fortalte sjølv om fleire nestenulykker, og at ho seinast fredag i sist veke fekk knust spegelen sin på bilen i samband med ei passering.,Teknisk sjef, Bård -Ove Pedersen, sa i sitt tilsvar at det i 2014 vart gjennomført ei trafikkteljing som viste at det passerte 830 kjøretøy per døgn på denne vegstrekninga, og at det er på eit nivå som ikkje slik utan vidare gir grunn til ekstra trafikksikringstiltak utifrå dei normer som Statens Vegvesen byggjer på. -Men me skal gjennomføra ei liknande trafikkteljing i veke 12, så då får me meir oppdaterte og reelle tal å byggja på, sa Pedersen. Han lova difor å koma tilbake med ei eiga orientering til kommunestyret og skissera eventuelle tiltak når denne trafikkteljinga var gjennomført.,

Som Øyposten tidlegare ved fleire høve har skrive om, så er  trafikktrykkleiken også blitt ei stor utfordring både på dei fylkeskommunale og kommunale vegane på mange av øyane i Finnøy i kjølvatnet av fastlandsforbindelsen Finnfast og ein kraftig auke i tungtransporten og privatbilismen. Desse same utfordringane har ein hatt i Rennesøy etter at Rennfast opna den 30. november i 1992.

Publisert: