Uklart om Finnfast-pengar kan finansiera Øyfast

Ordførar Henrik Halleland er klar på at det er Stortinget som må avklara om kommunen og Statens Vegvesen har heimel til å forlenga innkrevjingsperioden i Finnfast med fem år for å finansiera Øyfast.

Det er representantar for  Facebook-gruppa, «Øyboere i Nye Stavanger», som stiller spørsmål om lovlegheita ved eit slikt prinsipp i førre nummer av Øyposten. Gruppa har over 900 fylgjarar. Det vert mellom anna vist til ein uttale frå EFTA-domstolen, ESA frå 2006,som administratoren for gruppa, Cathrine Imsland, meiner at gjer ei slik forlenging av innkrevjingsperioden, ikkje er lovleg.
Den gong var det Rennesøy kommune som sende saka om ei forlenging av innkrevingsperioden i Rennfast med seks månader for å finansiera Finnfast, over til den mykje omtala EFTA-domstolen.
-Eg kjenner ikkje akkurat på ståande fot kva konklusjonen i den saka blei, men eit slikt prinsippvedtak med å forlengja innkrevjingsperioden må i alle fall godkjennast av Stortinget, innrømmer ordførar Henrik Halleland.

«Ullen konklusjon»

Jostein Eiane (KrF), var ordførar i Rennesøy fram til valet i 2007 og kjenner godt til saka. Han vil på ingen måte trekkja noko slik eintydige konklusjonar som Facebook-gruppa gjer, utifrå det 16 sider lange svaret som kom frå EFTA og ESA den gong.
– Om ein skal trekkja noko konkret konklusjonar ut av det, må det vera at det vart peika på at det ville vera tvilsamt å belasta næringstrafikken med ein slik ekstra bompengeperiode for å finansiera eit Finnfast.

Men akkurat det forholdet er kanskje litt annleis i tilfellet Finnfast-Øyfast, ettersom svært mykje av næringstrafikken og ikkje minst tungtransporten går til eksempelvis lakseslakteriet på Helgøy og tomatnæringa næringslivet elles i Finnøy.

-Ja, og det er difor også denne saka stiller seg noko annleis enn kva tilfellet var med Rennfast-Finnfast. Så kan ein i tillegg stilla spørsmål ved om i kor stor grad ein skal vektleggja personbiltrafikken og omsynet til innbyggjarane på Talgje og Finnøy, som verkeleg har hatt den store gevinsten av eit Finnfast. Vil det vera rett at dei skal vera med å betala på eit Øyfast lenger nordover i kommunen, som dei i langt mindre grad vil bruka?
Og kva er så din konklusjon?

-Då blir det med denne saka som med mykje anna; Det blir til slutt ei rein politisk sak som dei folkevalde må ta stilling til. Denne utgreiinga kosta Rennesøy kommune mange hundretusen kroner den gong, utan at me blei noko særleg klokare. Difor vil eg rå frå at noko brukar pengar på dette i dag. Sjølv om også EU og EFTA har endra seg sidan den gong.