Trenarduo har underskrive eittårskontrakt

Trenarduoen som fekk Finnøy sitt A-lag opp i 5.divisjon etter fjorårets fotballsesong, Erik Torger Flesjå-Johansen og assistenttrenar Sturle Guttormsen, har skrive under på ein eittårskontrakt som trenarar for laget i 2019. -Finnøy IL er glade for at Erik og Sturle tek eitt år til ved roret, uttalar ein tilfreds styreleiar i Finnøy IL, Bendik Hegglund til laget si offisielle nettside.