Nedbetalingstida vert ikkje endra

Sjølv om både Rennesøy og Finnøy kommunestyre har gjort vedtak om at elbilar frå 1. august 2019 skal betala bompengar i Finnfast, vil det likevel ikkje føra til at den er nedbetale 2024.

-Me har lagt til grunn at den samla innbetalinga til bompengeprosjektet Finnfast skal vera den tilnærma same som i dag, opplyser Kristian Bauge i Statens vegvesen til Øyposten.

Det har ført til at vanlege konvensjonelle kjøretøy får ein noko lågare rabattert stas på 85 kr per passering, medan elbilar skal betala det halve, kr.42,50.Satsane for større kjøretøy, klasse 2, er ikkje endeleg fastsett.
I 2018 var det i gjennomsnitt 1251 passeringar (ÅDT) per døger gjennom bomstasjonen på Hanasand. 37 prosent av desse var såkalla nullutsleppskjøretøy.
Det betyr at det i gjennomsnitt var 784 kjøretøy per døger som betalte når dei passerte bomstasjonen på Hanasand. Då Finnfast vart opna den 31. oktober 2009, vart det lagt til grunn 456 passeringar per døger, og ei nedbetalingstid på 20 år, i 2029.

Førebels tal for inntekter i Finnfast viser at desse var på 40,5 millionar kroner i 2018. Prognosane ved omlegginga er at inntektene likevel samla sett ikkje skal bli redusert. Det er venta at om lag 10pst. av nullutsleppsbilane vil slutta å køyra når avgiftene blir lagt om, og at gjennomsnittleg inntekt per køyretøy  aukar frå kr88,40 i 2017 til om lag kr91,00 etter omlegginga.
Dette er hovudgrunnen til at ein ikkje reknar med at nedbetalingstida vert redusert noko særleg utover dagens prognose som er 2024.
Selskapet betalte per.30.09.2018 1,74 pst. rente på ein lånesaldo som var på 348 millionar kroner.
Netto lån var likevel nede på 186 millionar kroner, ettersom bankinnskotet var på heile 162 millionar kroner.
-Dersom omlegginga fører til store utslag, vil justerte takstar bli lagt fram for dei respektive kommunane/kommunen til behandling, opplyser Kristian Bauge i Statens Vegvesen.