Kvinnekampen er ikkje over

I dag er den internasjonale kvinnedagen og framleis er det ikkje likestilling.

Øyposten har intervjua tre kvinner om Kvinnedagen.

Olaug Høgetveit, Finnøy

–              Så sant eg ikkje er på jobb, reiser eg til Stavanger for å gå i tog. Det er heit naturleg for meg å feira kvinnedagen, men diverre får eg ikkje markert den i år, for no er eg på ferie saman med barnebarna.

–              Kvifor er denne dagen så viktig for deg?

–              Fordi me framleis har ein lang veg å til full likestilling. Ennå er det store skilnadar på kvinner og menn i arbeidslivet. Når det gjeld løn tener kvinner 87 kroner når ein mann tener 100 kroner. Kvinner kjem dårlegare ut i byrjinga av arbeidslivet, og gjennom arbeidslivet, diverre.  Alle godar me har opparbeida gjennom mange år, har ikkje komme av seg sjølv, og me må jobba for å oppretthalda dei. Ved å markera denne dagen, sett ein fokus på kvinnene sine kampar og rettar.

Sølvi Ona Gjul, Rennesøy

Det er viktig at me har denne dagen, og at han blir markert. Det har vore ein lang kamp for å komma dit me er i dag, og det er framleis mykje å gripa fatt i.

Mange unge jenter og kvinner tek likestilling som sjølvsagt og blir overraska når dei opplever at det ikkje alltid er slik. I diskusjonen om foreldrepermisjonen er det t.d. verd å huska på at det berre for få år sidan var heilt andre kår for småbarnsforeldre. Og barselomsorga er tydelegvis under press av reint økonomiske grunnar. Det er viktig å få fram at dette gjeld ordningar og tiltak som har blitt kjempa fram over lang tid.

Noreg er eit av landa i Europa med høgast kjønnsdelt arbeidsmarknad, både når det gjeld yrkesval og heiltid/deltid. Få jenter vel å bli kranførar, og få gutar vel å bli barnehagelærar og lærar – det er framleis langt igjen til full likestilling.

–  Skal du gå i tog i morgon?

– Eg er litt usikker på korleis dagen skal feirast. Men er det eit år ein verkeleg burde gå i tog, ja så er det i år. Og då tenker eg på at abortsaka vart brukt som forhandlingskort. Det bekreftar nok ein gong at det er mange utfordingar igjen før me er i mål.

 

Emma Eide Rydningen, Rennesøy

-Eg feirar 8. mars kvart år for å vise solidaritet med kvinner både i Noreg og resten av verda. Eg tykkje det er sterkt å sjå at mange ulike menneskjer møter opp i den årlege markeringa og finner styrke i samhaldet det gjer. Likestillingskampen for meg, botnar i å skape endring i haldningar samfunn har om kvinners eigenskapar, roller og utsjånad. Kvinner er særleg utsett for vald og seksualisert vald i krig, på fest og i eigen heim. Mitt største ynskje er at kvinner verda over skal føle seg trygge i ein kvar situasjon. På veg til arbeid, heim frå fest, på fotballtrening, på skulen og i eigne heim. Grasrotbevegelsen #MeToo visar at kvinner verda over ikkje lenger godtar trakassering i kvardagen, og at ingen jenter skal stå aleine med ubehagelege erfaringar som er skambelagde. Vi må anerkjenne feila i kulturen vår ved å belyse tabubelagde tema. Bli med å vis støtte og forståing for kvinners erfaringar slik at også minoritetar blir høyrd.