KOM og bli med på rock & roll!

14. mars byr årets 7. klassingar på eit skikkeleg rockeshow i Kulturstova.

Førestillinga Rockeskulen er basert på den amerikanske filmen School of Rock, og handlar om ei «wannabe» rockestjerne som utgjer seg for å være vikarlærar og får seg jobb på den litt forfina Finnøy Sentralskule. Då ho finn ut at elevane kan spela klassisk musikk, bestemmer ho seg får byta ut cello og fiolin med bassgitar og trommer, og startar i staden eit rockeband.

-Men me kan ikkje sei kva som skjer vidare for då blir det ikkje spennande å sjå førestillinga, seier Henriette Austbø som har hovudrolla i stykket.

Men jentene kan røpa at det blir skikkeleg bra rockemusikk frå blant anna ACDC og Tina Turner, og litt kul dansing.

På måndag startar KOM-veka. Då samlast alle 7. klassingane frå heile kommunen til ei felles veke med øving, øving og øving. Dei skal laga kulissar, prøva kostymar, bandet skal samkøyrast og skodespelarar drillast i scenekunsten.

Iselin Gabrielsen har skrive om filmen til oppsettet på scena. I tillegg deltar kvart år fem studentar frå musikkfaglærarutdanninga på Høgskulen Vestlandet, Stord.

-Det blir ei hektisk men kjekk veke, seier Linn Handeland.

-Kva er det kjekkaste?

-At det er ei annleis veke kor me jobbar med heilt andre ting, og så er det kjempekjekt å møta elevane frå dei andre skulane. I år blir det rett nok berre elevar frå Fogn som er nye, men det er alltid kjekt å bli kjent med dei me skal gå samen med til neste år, seier jentene.

-Me oppmodar alle til å komma og sjå førestillinga. På premieredagen blir det to førestillingar som er opne for alle, seier Nora Haga.

Finnøy har lange tradisjonar for KOM-prosjektet. I snart 10 år har alle 7. klassingane i kommunen jobba saman om eit musikalprosjekt for få skapa ein felles arena for kreativ utvikling, samhandling og meistring til ein god sosialiseringsprosess ved overgangen frå fire barneskular til ein ungdomsskule-