Inviterer til folkemøte om jordskiftesaken

Onsdag 6. mars inviterer Kjetil og Anita Ørnes folket på Halsnøy til møte om framtida.

«Almannamøte og kundemøte om Skartveit kai og Joker Skartveit i forbindelse med jordskiftesaken», står det på invitasjonen som er gått ut dei siste dagane. Finnøy kommune har som kjent ein diskusjon gåande med Ørnes om eigarskapet til kaien og området rundt, ei sak som skal opp i ekstraordinært kommunestyremøte måndag 11. mars. Dagen etter er det befaring og mekling på Skartveit, før saka eventuelt kjem opp i Jordskifteretten.

På folkemøtet i morgon vil Ørnes gi informasjon og sin versjon av saka, og kva konsekvensar ein negativ dom i Jordskifteretten vil ha for drift av turistanlegget og butikken.