Vil ikkje ha nye vegnamn

Folk på Ombo protesterer.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

I eit brev til Finnøy kommune skriv Håkon A. Eide:,

«Me vil klaga på det sterkaste på vegnamn på Ombo. Me ha hatt ein svært gild prosess med val av vegnavn på Ombo og gilde folk som har vitja oss i denne prosessen frå navneutvalget i Finnøy. I vår krins var me lukkelege for å få “Holle” som vegnavn  på ein liten veg med fleire husstandar 1 km. nord for Eidssund. (Sjå vedlagt kart.) Det er med stor frustrasjon me nå får melding om at navnekonsulentane har innvendingar på navnet: Holleveien.

Dei seier at “Håleveien” er eit  mogleg alternativ. Dette kan me på ingen måte akseptera då “Håle” er ein uttalemåte. Holle som navn er svært gamalt og innordna med røter tilbake til 1600 talet og har tolking med forjupning i terrenget  som på Nedra Holle eller “Hallur” på gamalnorsk som betyr ein markant høgde i terrenget som stemmer godt med ein høgde rett nedanfor Øvra Holle.  Me må og minna om ordlyden i saka på nett frå Nye Stavanger kommune sitat: “Der er blandt annet vektlagt at veinavn knyttet til gamle sted og bruksnavn i størst mulig grad skal beholdes”.

Me må be om at “Holleveien” med 2 ellar vart vedtatt og at “Håle” og “Hole” forkastast. Hole er er godt etablert på Austlandet t.d. i Buskerud men ikkje hjå oss. (Sjå vedlagt underskriftsprotest frå bygda Holle.) 17 stk. For egen rekning må eg få legga til. Dette er ikkje fyrste gongen navnekonsulentane rasera navn på Ombo. Frå tidligare har dei endra Nådland til nå Nodland, Skår heiter nå Skor. Det ser ut som at vår eigenart og bruk av navn med t.d. Å i skal bort for dei passar ikkje inn i vår nye tid.  Eg må be politikerar og folkevalde om å verna om vår eigenart her i vår gamle fantastiske Finnøy kommune med levande øyar i Ryfylke."

Publisert: