Strammare økonomi i den nye kommunen

Prosjektrådmannen førebur innbyggarane på tøffe økonomiske tider i Nye Stavanger.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Då prosjektdirektør Kjartan Møller måndag orienterte Fellesnemda om framdrift i prosjektet, var han tydeleg på kva som vil bli krevd i den nye kommunen. Startskotet er gått på det arbeid som til hausten skal resultera i eit budsjett for den samanslåtte kommunen. Fyrste reknestykke har vore å slå saman dei tre budsjetta som gjeld for 2019. Då kjem det fram at rammetilskotet frå staten vil vera omkring 20 millionar kroner lågare enn i dag. Sjølv om det skal gjerast mykje budsjettarbeid i tida framover, er signalet frå prosjektrådmannen klart; kostnadane må ned.

Publisert: