Dugnad til hygge og nytte

Eit vekesverk på ein dag.

"Thorvald" er i ferd med å bli spesialavfall.|
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

- No hogg me opp båten i protest mot regjeringa sin utrekningsmodell for overføring til drift av hurtigbåtane. Sjå her, båten går ned med flaget til topps, det same kan skje med hurtigbåtrutene i Ryfylke om det går som førespegla, ler bromlebassen Wictor Juul.

Det er laurdag føremiddag og omgangsdugnad hjå Hilde og Wictor Juul på Fogn. Det er eit yrande liv på tomta med rydding og sjauing, og lott og løye. Lyden av motorsagene kan høyrast mest heilt til Finnøy, og greiner og kvistar blir dregne over plenen og lagt i store haugar. Men å hogga opp båtar, det er ikkje vanleg kost på dugnadane. Den snautt 50 år gamle staselige Hardangerbåten «Thorvald» har forlengst gått i opplag, og sakte men sikkert forsvinn den bit for bit, og blir til spesialavfall.

-  For Thorvald håpet ute, men det er framleis håp for hurtigbåttilbodet, smiler Wictor.

-  Vemodig?

-  Nei, tida var inne no, den har sett sine beste dagar. Me har hatt mykje kjekt med båten i mange år, men no har den ligge i hagen såpass lenge, at det skal bli godt å få den bort, seier Wictor.

For tre år sidan starta fem venepar på øya med omgangsdugnad. I praksis betyr det at gjengen samlast ein laurdag annankvar månad. Dugnaden går på rundgang og det meste av arbeidet føregår utandørs, sjølv om det er ingen regel utan unntak. Til saman utgjer ein dags dugnadsinnsats rundt ei vekes arbeid.

-  Det er heilt utruleg kor mykje som blir gjort på ein dag, me er like overraska kvar gong. I tillegg er det sosialt, kjekt og supereffektivt. Eg anbefaler alle å gjera det same, smiler Oddny Kjølvik, medan ho baksar med Vivendelen som har kveilt seg rundt trær og gjerder.

Etter inspirasjon av Fogn-modellen har det vekse fram eit underbruk på Austlandet. Ein gjeng entusiastar var på «studietur» hjå dugdnadsgjengen her og blei så inspirerte at dei reiste heim og gjorde likedan.

Publisert: