Brann i 2016. No vil kommunen skeine opp tomta

Finnøy kommune skal rive både det gamle hybelbygget og leilegheitsbygget heilt nedst mot vegen.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Laurdag 5. juni 2016 brann den gamle husmorskulen ned til grunnen. Etter den dramatiske kjøpte  Finnøy kommune den attraktive tomta like nord for sentralskulen på Judaberg, og har regulert den til offentlege føremål, slik det står å lesa  i den gjeldande kommuneplanen for Finnøy kommune.,

No skal det gamle hybelbygget og leilegheitsbygget rivast. «Svineriet» og det vesle drivhuset, derimot, vil bli ståande att til bruk for både barnehagar, skuleborn og allmenta, opplyser Eirik Christoffersen ved avdelinga for Plan og forvaltning i Finnøy kommune.

-Med si svært så gunstige lokalisering, midt mellom Hagatoppen Barnehage og Finnøy sentralskule, blir området alt i dag mykje brukt som eit utvida uteområde til både leik og andre aktivitetar av både skulen og barnehagen. Tidlegare var det gjerne slik at skulle barnehagen ha aktivitetar ute, så måtte ein gjerne inn på private grunneigarar og søkja om løyve til å opphalda seg der. Når ein no har over 5 dekar uteområde å boltra seg på i Judaberg sentrum, så vil jo det vera attraktivt og svært kjærkoment, seier Christoffersen.

Han fortel at også andre lag og organisasjonar har som eksempelvis hagelaget ar nytta seg av drivhuset til ulike kurs og aktivitetar. Det same har enkeltpersonar og andre gjort når det gjeld det tidlegare spiseriet i «Svineriet» som det vert kalla på lokalt folkemunne.

,Også eit lite lysthus øvst i skråninga opp mot Hauske er blitt ein populær opphaldsplass, og no ynskjer altså kommunen å gjera dette flotte området enno meir attraktivt og finare ved å rive ned det gamle internatbygget som vart skada i brannen og leilegheitene. Sjølve Rygjabø-tomta der det tradisjonsrike skulebygget i si tid stod, er alt jamna med jorda og sådd i. Så førebels kan både skuleborn, barnehageborn og innbyggjarane på Judaberg sjå fram til og gleda seg over eit nytt lite park- og rekreasjonsområde i kommunesenteret.,- Om behovet for nye offentlege bygg vil dukka opp, då i regi av Nye Stavanger kommune, vil berre framtida gi svar på, avsluttar Christoffersen.

Publisert: