Her kan det bli gratis for idretten

Idretten i Finnøy kan spara pengar på kommunesamanslåinga.

I nåverande Stavanger kommune får alle idrettslaga bruka idrettshallane gratis. Det same gjeld i Rennesøy. No blir dette truleg også tilfelle ved bruken av Fleirbrukshallen på Judaberg, når Finnøy om kort tid blir ein del av den nye storkommunen .

Det er idrettssjef i Stavanger, Arne Tennfjord, som bekreftar dette ovanfor Øyposten. Nyleg var ein delegasjon frå idrettsetaten på synfaring i hallen.

– Me vart veldig imponert over det me fekk sjå, så her er det tydeleg at både tilsynet og vedlikehaldet har vore veldig godt frå eigarane si side, skryt Tennfjord.