Er det mogleg å reversera varsla hurtigbåtkutt? Nokon trur det.

Nestleiar i samferdselsutvalet i Rogaland, Andreas Bjelland Eriksen (Arbeiderpartiet) trur staten kan skifta meining.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

- Dette forslaget frå regjeringa kom til oss nærmast over natta. Eg trur ikkje det var eit spesielt godt gjennomtenkt forslag. Når regjeringa etter kvart får teke inn over seg innspela og konsekvensane eit slikt forslag inneber, trur eg dei vil forstå at dette kjem feil ut. Det er heller ikkje i samsvar med målsettinga til fylkeskommunen, om å syta for at innbyggarane har eit tilfredsstillande kommunikasjonstilbod, seier Bjelland Eriksen.,

I samband med omlegginga av den statlege finansieringa av hurtigbåt- og ferjetilbod, varsla staten i haust store kutt i hurtigbåttilbodet i Ryfylke. Kuttet på 40 millionar kroner skal gjennomførast i tre omgangar, 2019, 2020 og 2021. Innsparinga er på 20 millionar i 2019 og 10 millionar kvar i 2020 og 2021, i alt 40 millionar kroner.

Kolumbus-rapport

På bakgrunn av desse innstramingane laga Kolumbus ein rapport med alternative forslag til kutt som like over nyåret blei sendt på høyring til alle dei involverte kommunane. I Finnøy i sitt tilsvar til Kolumbus gjekk dei sterkt i mot eit kuttforslag på generelt grunnlag. Det same gjorde dei tre kommunane i Nye Stavanger i sitt fellessvar til Kolumbus.

«Kommunane i Nye Stavanger går sterkt i mot kuttforslaget på prinsipielt grunnlag. Det er viktig å oppretthalde eit kollektivtilbod som sikrar god mobilitet til befolkning og næringsliv.»

-Dette er ingen kjekk sak. Me ynskjer sjølvsagt å gjera dette så skånsamt som mogleg for flest mogleg. Kutt kan få store konsekvensar for dei som blir råka, difor forsøker me alltid å sjå på kven som har reelle alternativ, og kven som ikkje har, seier leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Arne Bergsvåg (Senterpartiet).

-Kva har fylkeskommunen gjort for å oppretthalda dagens tilbod?

-Me har allereie omdisponert vel 100 millionar kroner for å ha eit tilbod tilsvarande det som er i dag. I tillegg er alle endringar/reduksjonar utsett inntil noverande kontrakt går ut 1. januar 2022. Det vil sei at det uansett ikkje skjer endringar i rutetilbodet før om tre år.

Publisert: