Helene trur på tomatsnacks og nye grøne trendar

- Tomatar i små runde beger med lokk på, er blitt snacks som er lette å ta med seg over alt og blir etterspurd.

– Det gler meg veldig, og så er det sunt og smakar godt i tillegg. Så trendane i tida er på ein måte med oss, og derfor ser eg med optimisme på framtida og ein ny tomatsesong, smiler den unge og driftige tomatgartnaren, seier tomatgartnar Helene Bøe frå Fogn.

Når haustinga tek til og arbeidet i drivhusa er på topp utover våren og sommaren, har ho heile 12 arbeidarar i aksjon i det 10 dekar store tomatgartneriet.

– Og så har eg planar om å produsera litt spesialgrønsaker og urter i eit mindre veksthus som ikkje er så godt eigna til vanleg tomatproduksjon.
For også Helene ser dei nye trendane både når det gjeld frukt og grønt forbruket generelt, men også ein marknad som etterspør eit større og meir kontinentalt produktmangfald også innafor den grøne sektor.

-Då har me gode føresetnader for å dyrka det fram i veksthusa våre i eit visst omfang, trur Helene, sjølv om nok tomatane blir hovudproduksjonen i lang tid enno.

Helene er også heldig og har fått gode leveringsavtalar hjå grossisten BAMA på dei såkalla smakstomatane; perletomatar og cocktailtomatar.

– Det gir større tryggleik for både avsetning  og økonomien i produksjonen når me har avtale på både pris og volum, fortel Helene som skal planta til 6 dekar med perletomatar og 2 dekar med cocktailtomatar, medan det på resten av arealet blir dyrka fram vanlege runde og større tomatar. Alle tomatane blir pakka på fellespakkeriet som dei 8 tomtprodusentane på Fogn i fellesskap eig.