Idrettshuset lagt i ruinar

Idrettshuset på Leikvoll på Kvame vart i dag lagt i grus, og er frå no av berre historie. Om kort tid vil eit nytt og prangande klubbhus til om lag 10 millionar kroner bli reist på den same tomta. Huset som er om lag 45 år gamalt, vart dei første åra i hovudsak nytta til dans og kino, medan det dei site tiåra i all hovudsak har fungert som klubblokale til Finnøy Idrettslag. Huset har også blitt brukt til private samkomer og til ulike festar for både idrettslaget og andre organisasjonar opp gjennom alle desse åra. Men frå i dag av er Idrettshuset på Leikvoll altså berre historie.