Av ymse grunnar er dei utanfor arbeidslivet. Det er då Arak kjem inn i bildet.

Kven ville ikkje ha ein kvardag med arbeid, aktivitet og glede?

Arak held til i Steinnesvåg. Dette er Finnøy kommune sitt tilbod til dei som av ymse årsaker ikkje er i det ordinære arbeidslivet, til dømes fordi dei er langtidsledige eller uføretrygda. Dei lyse store lokala i andre etasje på Landahuset har plass til lager, kontor, spiseplass, sofagruppe, kjøkken og ein «stillekrok» med to mjuke stolar og nydeleg utsikt til havet. Dei diskar gjerne opp med ei god suppe laga frå botn, men i dag er det eggerøre, sjeva og godt pålegg. Måltidet er ein viktig del av det sosiale, og det skal vera sunn mat, men no er damene klare til å trekka bort til arbeidsbordet og visa kva dei har lært på stofftrykkurset.

Eit seks meter langt bord, med mange små flaskar med farge. Saks, penslar og stoff. Og ei slags «trykkpute» med motiv på. Så vel damene seg ut ei farge, penslar motivet og pressar det mot stoffet. Der dukkar det opp rosa hjarte, grøne blader, gullfjes og blå figurar.

– Eg liker dei sterke fargane, seier Helga, og held opp eit motiv i oransje.

-Det passar godt. Du er jo ein fargeklatt, smiler Kirsten og dei andre.

Les heile reportasjen frå Arak i papiravisa.