Protest frå Hjelmeland

Hjelmeland kommune er ikkje samd i forslaget til ny kommunegrense i sjø rundt Ombo.

Hjelmeland kommune er usamd i forslaget som vart sendt frå Kartverket 28. januar i år, skriv kommunen i eit svarbrev til Statens Kartverk:

«Det vert lagt opp til at ein mykje større del av dagens Hjelmeland kommune enn «øya Ombo» vert overført til Nye Stavanger, noko me meiner ikkje er i tråd med vedtaket frå Departementet. Hjelmeland kommune er i dag eige hamnedistrikt, og dersom det framlegget som er skissert vert vedteke, vil delinga bety ein stort inngripen i Hjelmeland sitt hamnedistrikt. Dette forholdet har, så langt me kan sjå, ikkje vore vurdert. Snarare tvert i mot har argumentasjonen for overføring av heile Ombo til nye Stavanger gått på å få betre forvaltningsmessige grenser. Her blir den same problematikken i staden overført til sjøen.

«Det naturlege fjordbassenget mellom Ombo, Jøsneset, Randøy og Hjelmelandsvågen vert oppdelt i to hamnedistrikt. Dette er eit basseng med stor aktivitet knytt til person og transporttrafikk, og til oppdrettsaktivitetar. Kva ressursar fjorden og fjordbotn vil representera i framtida veit me enno ikkje.

«Øya Ombo» bør i utgangspunktet representera nettopp øya Ombo, det vil seie landarealet inkludert sjøområda ut så langt den private eigedomsretten strekkjer seg. Viss Hjelmeland ikkje få gjennomslag på denne tolkinga av Departementet sitt vedtak, vil me peika på at det å følgja djupålen også er eit akseptert grenseprinsipp. Det er ein markert djupål sør og sørvest for øya», heiter det i brevet.