Klar til søppeldugnad

I år som i fjor tek Øyposten initiativ til ein storstilt søppelaksjon. Dugnaden i 2018 viste at det er fullt mogleg å motivera folket til innsats i sitt eige nærmiljø.

Finnøy kommune samarbeider med Øyposten. Med ordførar Henrik Halleland i spissen vil kommunen vera med og organisera med utsetting av søppelkontinarar på øyane.

– Etter det opplyftande resultatet i fjor, reknar eg med at dette blir ein årleg tradisjon. Kommunen har som alle andre ansvar for å ta vare på miljøet og halda kommunen rein og ryddig. Difor vil me gjerne bidra saman med Øyposten slik me gjorde i fjor, lovar ordføraren.

Aksjonen i april 2018 resulterte i tre tonn innsamla søppel over heile kommunen. Det meste kom inn i konteinarane som sto på kaiane på dei fleste øyane.

– Øyposten ynskjer å få med idrettslag, skular, barnehagar, politikarar, næringsliv, lag og organisasjonar på ei skikkeleg vårreingjering i heile kommunen. Me syt for søppelsekker og brei dokumentasjon på papir og nett. I fjor delte me ut til saman 500 store plastsekker frå kontoret vårt, fortel dagleg leiar Oddvar Vignes.

– Det går an å gjera søppelrydding til ein sosial happening ved å invitera foreiningsveninnene ut på ein times dugnad før kaffikosen, eller bruka familieturen på sundagar til å plukka. I fjor høyrte me om fleire som plukka søppel langs vegen til og frå jobb. Alt monnar-