139 mobbesaker rapportert

Totalt blei 139 mobbesaker rapportert til Fylkesmannen i Rogaland i 2018.

Av desse var det tre frå Finnøy og ein frå Rennesøy. I 77 prosent av sakene Fylkesmannen ferdigbehandla i fjor, hadde ikkje skulen gjort det lova krev og med andre ord brote aktivitetsplikta.

– Me har meir fokus på mobbing enn nokon gong, og meiner at utviklinga i Finnøy er relativt bra. Men målet er klart; me vil ikkje ha ein einaste mobbesak, seier Nils Petter Flesjå i Finnøy kommune.

– Når me ser på tala elles i landet, er det ikkje noko som tyder på at Rogaland skiller seg ut verken i negativ eller positiv retning. Mange saker kjem aldri til oss, fordi dei blir handterte på skulane. Det er viktig at kommunane og skulane informerer elevar og foreldre om høvet til å klaga til oss viss det ikkje blir gjort nok, seier utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, Marianne Skogerbø.