Usikker prislapp på Øyfast

Norconsult har no levert sin endelege rapport om Øyfast.

Noko av det mest interessante er prislappen. Norconsult bereknar at heile prosjektet vil kosta 3, 575 milliardar kroner.

Finnøy-Nord-Talgje: 815 millionar

Helgøy-Nord-hidle-Ombo: 1135 millionar

Sum Øyfast Nord: 1950 millionar

 

Finnøy-Fogn: 10125 millionar

Fogn-Halsnøy-Byre: 600 millionar

Sum Øyfast Sør: 1625 milionar

 

Norconsult skriv sjølv i rapporten at det er knytta stor usikkerheit til kostnadsberekninga, normalt +- 40 prosent – men i Øyfast ca 30 prosent. I prisane er det teke med anleggskostnadar, grunnerverv, og byggherrekostnadar som inkluderer prosjektering, byggeleing og administrasjon. Moms er ikke medt, då ein reknar med at dette vil bli refundert. Ei løysing med tunnel i staden for bru mellom Helgøy og Nord-Hidle vil gi ei innsparing på ca 80 millionar kroner.