Protest mot pelsdyrstopp

Finnøy kommune meiner forbod mot pelsdyr er i strid med stortingsmeldinga frå 2017.

Kommunen har no levert sitt høyringssvar til forslaget til lov om forbod mot hold av pelsdyr og forslag til ordning for økonomisk kompensasjon til pelsdyroppdrettarane.

Finnøy kommune meiner at ei lov om forbod mot hald av pelsdyr er i strid med Stortingsmelding 8 (2016-2017). Der varsla regjeringa å ville «videreføre muligheten til å drive pelsdyroppdrett med en dyrevelferd som er i front internasjonalt». Stortingsmeldinga blei av næringa oppfatta som eit vern av fortsett pelsdyrhald i Noreg. «Det er desse signala næringa har basert sine planar og nylege investeringar på. Dersom Stortinget likevel vedtek eit forbod mot hald av pelsdyr må investeringskostnader for den einskilde næringsdrivande kompenserast fullt ut.», skriv kommunen.

Forslag til kompensasjon som er skissert i høyringsdokumentet er, slik Finnøy kommune ser det, ikkje tilstrekkeleg: «Kompensasjonen bør omfatte både bygg og anlegg, innreiing, driftsutstyr, samt reelle avviklings- og oppryddingskostnadar. Avkastningsbortfall må også kompenserast. Fraktutjamningmiddel for transport av fôr bør gjeninnførast for heile avviklingsperioden. I tillegg til kompensasjon for avvikling bør staten leggje til rette for gunstige oppstartsmoglegheiter slik at oppdrettarar raskt kan kome i gang med nye lønsame produksjonar. Omstillingshjelpa bør omfatte både stimuleringsmiddel og kompetanseutvikling», meiner Finnøy kommune.