«Maskinbonden» snur seg rundt når det trengst

Når føresetnadene endrar seg, må Roda Agri Maskin AS snu seg rundt.

– Marknaden er tøff og det er hard konkurranse om anboda. Då er det avgjerande at me heng med, seier dagleg leiar Reidar Roda.

 

Alle gjer alt

Han viser Øyposten rundt i den nye driftsbygninga som han tok i bruk i 2018. Fem millionar kroner kosta det å gi kyra tipp topp moderne forhold, og slike investeringer er ein del av kvardagen når du driv som «maskinbonde» – med tre reknskap, kjøttproduksjon, melkeproduksjon, eggproduksjon og anleggmaskinar.

– Alt heng saman. Sjølv om me driv med alt dette, så er dei tilsette med på heile drifta. Den fleksibiliteten er me heilt avhengige av, seier Roda.

 

Solid verksemd

Faren Jostein Roda starta i si tid maskinverksemda og hadde ei omsetting på 60.000 i 1995, det året då Reidar kom inn og tok over.

– Det starta som tilleggsnæring, litt sånn typisk «Finnøy-modell». Det var litt fôrhausting, såing og pløying for seg sjølv og andre bønder. Så fekk me kontrakt på brøyting og kantslått for vegvesenet, og så vaks me gradvis i åra etterpå. I 2012 skilte me ut drifta i eige aksjeselskap, Roda Agri Maskin AS.

Samstundes vaks gardsdrifta frå 15 kyr og 1.500 høns, til dagens 60 kyr og 7.500 høns.

 

Legg om

Kontrakten med Mesta i 2003 sikra veksten i Roda Agri Maskin, der omsettinga så seint som i 2011 var på 3 millionar kroner, medan ho i 2017 var på heile 11 millionar. Den avtalen var rundt 60 prosent av den totale  omsettinga, og då merkast det då den gjekk ut i 2018.

– Men me kan jo ikkje sitta her å grina. Me justerer drifta og prøver å finna nye marknader. Me er allereie inne og driv som anleggsgartnar for ein kunde på Sola, og me vil i 2019 tilby hagearbeid for privatkundar her i Finnøy. Me tek malingsoppdrag og vaktmeisteroppdrag, og driv med reinhald for vegvesenet.

 

Gode haldningar

Totalt sysselsett Reidar Roda 10 mann i den travlaste sesongen på sommaren, og alle jobbar med alt.

– Me er heldige og har arbeidsvillige og dyktige folk, som tek i eit tak, anten det er gravemaskin eller høns det er snakk om. Gode arbeidsfolk som tek ansvar og har dei rette haldningane er nøkkelen til sikre arbeidsplassar. Me er ei serviceverksemd og gjer me ikkje skikkeleg jobb, så får me tilbakemelding når me møter kundane på butikken. Sånn skal det vera, meiner Reidar Roda, som i desse dagar får med seg sonen Stian (25) inn i drifta. Frå før er sonen Roar blant dei tilsette.

– Alle dei tre ungane våre har vore med i drifta frå dei var små, og er vane med å sjå samanhengen mellom å jobba og tena pengar. På sikt er det meninga at Stian skal ta over, og det betyr mykje for meg. Skal me få dei unge til å føra gardsbruka vidare, så trur eg det er viktig korleis me snakkar om dette yrket rundt middagsbordet. Landbruksnæringa må framsnakkast, meiner Reidar.

Trur på vekst i 2019

Ei undersøking gjort av Stavanger Næringsforeining viser at det er optimisme i næringslivet i Finnøy. 42 verksemder fekk spørsmål om å vera med i undersøkinga og 33 svara på i alt 45 spørsmål om næringslivet sine rammevilkår.

Eit av spørsmåla var: «Har di verksemd planar om vekst?», og der var svara:

Ja: 62,5 %

Nei: 21,9 %

Veit ikkje: 15,2 %

– Slike tal er inspirerande. Det viser at næringslivet i Finnøy både har ambisjonar og evne til handling. Eg meiner denne optimismen er representativ for utviklinga i Finnøy, seier Reidar Roda, som sjølv er med i ressursgruppa for Finnøy i Stavanger Næringsforening.