Inviterer til elbildeling

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Det fylkeskommunale transportselskapet Kolumbus inviterer kommunane til å bli med på ei såkalla elbildeling, som ein av fleire ordningar i eit såkalla miljøvennleg mobilitetstilbod for trafikantar i fylket. Kolumbus har ein visjon om å gjera privateigd bil overflødig, og inviterer no kommunane i fylket med på eit felles spleiselag for å få dette til. Målet er å finansiera denne satsinga via støtte frå Miljødirektoratets støtteprogram "Klimasats 2019". Den enkelte kommune skal bidra med  50% av kostnadene til den elbilandelen som kommunen ynskjer over ein driftsperiode på to år. Det omfattar både leasingkostnader og kostnader til leige av parkeringsplassar for lading.,Basert på folketalet vil Finnøy og Rennesøy kommune kunne få tildelt minimum to slike elbilar til disposisjon, med tilhøyrande tre ladeplassar. Det avheng av oppslutnaden om ordninga i den enkelte kommune.,Målet er at ordninga skal tre i kraft alt frå 1. desember i år.

Publisert: