Matchvinnar med siste spark på ballen

Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

Finnøy såg lenge ut til å dra i land tre viktige poeng borte mot Våganes, men på ein dødball berre minuttet før slutt utlikna heimelaget. Så fekk Finnøy frispark på 18 meter. Hans Runar Eike stilte seg opp og smalt til. Ballen gjekk via muren, og forbi keeper til 2-3. Rett etter blåste dommar av, og Finnøy sikra seg tre utruleg viktige poeng i opprykksstrida. Dei ligg no på tredjeplass på tabellen, etter at Lura 2 tapte heile 1-9 for Klebe. Finnøy har like mange poeng som Riska 2 på andreplass, eit Riska-lag dei møter i deira siste seriekamp måndag 2. oktober. 

Vinn Finnøy den kampen, samstundes som Riska 2 avgir poeng mot suverene Randaberg 3 i sin siste seriekamp, rykker Finnøy opp til 5. divisjon.

Les meir i fredagens papirutgåve.