Får storfint besøk frå Flekkerøy

Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

Med over 150.000 selte album og meir enn 40 år på baken, har Flekkerøyguttene reist land og strand rundt å formidla evangeliet. Laurdag 16:30 held dei konsert i Hesby kyrkje, og 20:00 samt sundag klokka 10:30 i Fogn kyrkje.