Ava-Leana-Enoksen3_original

Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

I 2015 blei lesarane til Øyposten kjent med Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle i Sjernarøyane som var «fødd i feil kropp». I vinter har ho vore ein del av det kritikarroste fjernsynsprogrammet «Født i feil kropp» på Tv2, kor heile Norge har blitt kjent med Ava frå Nord-Hidle, og hennar veg frå å bli Emil til å bli Ava Leana.

No har hennar rolle i dette programmet gitt ho Nord-Hidle sin første Gullrute-nominasjon. Saman med Karsten Nordal Hauken i programmet «Jeg mot meg», Gjert Ingebrigtsen i «Team Ingebrigtsen»  og Nina Blomli i «En dag i livet» er ho altså nominert i kategorien «Årets deltaker».

– Det kom som eit sjokk då produsenten for «Født i feil kropp» hadde lagt igjen ei talemelding på telefonen kor han fortalte at eg som person var nominert til «Årets deltaker» på Gullruten. Eg syns det var veldig gøy, sjølv om det hadde vært ennå betre om også sjølve serien blei nominert. Men eg glede meg mykje til Gullruten, og er i full fart med førebuingane, seier ho til Øyposten.

Gullruten er ei årleg prisutdeling og utmerking for den norske TV-bransjen, og vert i år delt ut den 12. mai.