Fisterdag_original

Lagar eigen Fisterdag

Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

Mange i Ryfylke farta garantert til Fister og den årlege Fisterdansen på slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet. Den vart nedlagt, men no oppstår det søt musikk på Odd Børretzen sin fødestad. Fister bygdaråd arrangerer nemleg Fisterdag i Fistervågen 

Det heile føregår pinseaftan 3. juni. 

– Dagen er tenkt som ein familiedag for fasbuande, hyttefolk og andre som vil ha ein god drøs. Det blir god underhaldning, middag og ein flott friluftskonsert med Stavanger-bandet Elle Melle, skriv Fister bygdaråd i ei pressemelding. 

Konserten er eit samarbeid med kulturkontoret i Hjelmeland kommune, og skal vera eit friluftsarrangement for alle. 

– Det blir blant anna omvising ved det nye oppgraderte smoltanlegget som ligg eit lite steinkast frå Fistervågen, og det blir teiknekurs med fisterjenta Hilde Thomsen. Vidare vil også fleire lokale utstillarar profilera bygda og bedrifta si, skriv Bygdarådet. 

Fisterdagen er eit ledd i Fister bygdaråds satsing om å få meir fart i bygda. Etter at butikken blei lagt ned i 2015 har fleire etterlyst arrangement og møteplassar i bygda.  

– Me er ei bygd som har plass til mange fleire, skriv dei. 

Dagen blir avslutta med pub på Fister klubbhus på kvelden.