pskegolf31_original

Golf blant grastuster og saueskit

Det finst ingen golfbanar på Finnøy, men kvar påske spelar likevel ein gjeng finnøybuar om heider, ære og eit fylt påskeegg.  

Det spørst vel om Finnøy kommune nokon gong kjem til å fostra opp ein Tiger Woods eller ei Susann Pettersen, men ein gjeng finnøybuar på påskeferie skal i alle fall ha for forsøket. Tore Sevheim og ein gjeng kameratar arrangerer nemleg påskegolf på Søre-Vignes. 

– Her spelar me om heider, ære og eit fylt påskeegg, som fjorårets vinnar har ansvar for å fylla opp, seier Sevheim. 

Dei starta å spela golf etter at Bjarne Håvard Skeiseid hadde vore å kjøpt golfutstyr på ein bruktforretning for 16-17 år sidan. Og golfen føregår ikkje på ein plen eller på ei flat mark, men på eit beite. 

– Dette er faktisk tett på den opphavlege skotske golfen, fortel Sevheim. 

– Kor er hòla? 

– Me grev opp små hol, som me deretter fyller igjen. Så har me sjølvsagt eit lite norsk flag. 

Og greenen? 

– Kvaliteten kjem an på mengda av sauer på beitet.  

– Kor mange deltakarar snakkar me? 

– I år var me fem stykk. Det er ikkje akkurat ein massesport på Finnøy. Men me har vore oppe i 10-12 deltakarar og to tilskodarar.  

Det ligg sjølvsagt ein utruleg prestisje i noko slikt, og ifylgje Sevheim blir det meir og meir prestisje for kvart år som går. Då er det også surt når nokre andre vinn. Spesielt om dei heiter Skeiseid. 

– Det blei Bjarne Håvard som gjekk av med sigeren i år. Det var utruleg bittert, seier Sevheim. 

 

Bilete: Bjarne Håvard Skeiseid(t.h) gjekk av med sigeren med ett slags margin foran Tore Sevheim. Skeiseid styrkar dermed posisjonen som den mestvinnande i påskegolfens historie. Tidlegare vinnerar inkluderar Kjell Morten Eggebø, Anders Sivertsen og Tore Sevheim.