Gullegget-Forteller-Marianne-Stenerud_original

Fuglar og eventyr på Otto-huset

Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

Marianne Stenerud har etablert seg som ein profesjonell forteljar på Vestlandet, med sitt hovudverke i Bergen og Stavanger. Ho har både delteke og skapa mange ulike forteljarprosjekt og førestillingar, og har blant anna samarbeida med Stavanger 2008, DKS Rogaland, Den Kulturelle Bæremeisen og DKS Bergen. Ho opptrer i ulike konstellasjonar, ofte åleine med forteljingane, men også i samarbeid med filosofar, musikarar, heile symfoniorkestrar eller andre forteljarar.

På torsdag  vil ho ifylgje beskrivingane presentera ei unik, fantasifull, undrande og fargerik førestilling på Otto-huset, kalla «Fuglen & det store eventyregget».  Førestillinga startar 17.00 og passar best for born mellom fire og ni år. 

I førre veke vart vårprogrammet for Otto-huset slept. Der kan ein allereie laurdag 18. februar få med seg ein godbit som visekveld med Svein Tang Wa.